Nå er det klart for årets fyrste løp på motorsportbanen i Vikedal. Bilane er ferdige, banen er strigla og både førerar og publikum er klare. Olav Bjelland (bildet) er av dem som skal ut å teste ny bil!
Tidlig start
Denne helga er det sesongstart for NMK Vikedal. Dette vert årets første løp for NMK Vikedal og vil også vera det andre normale bilcrossløpet i landet i år. I fjor på denne tida var banen lite klar for løp, men i år har vinteren vert mykje greiare mot banen oppe i Vikedalsdalen.
Helgas løp er ikkje heilt ordinært. På laurdagen vert det kjørt vanlig løp med 3 innleiande omgangar i alle klassar, etterfølgt av finalekjøring. På søndagen vil det verta køyrd noko som kallas parallellrace. Her køyrer to og to førerar kvar si løype på banen samtidig. Det vil verta tønnevendingar, hinder og andre utfordringar som ein ikkje finn i eit vanleg løp. Sjåførane køyrer tri omgangar på tid, og til forskjell frå vanlige løp er det einaste som teller er å køyre fortast mogleg.
Litt utanom det vanlige
Når det nå vert invitert til løp har ein fått med seg ikkje berre bilcross og rallycross, men også crosskart. Crosskart er meir eller mindre gokartar som vert bygd for å fungere på både grus og asfalt. Dette er ein sport som vert meir og meir populær og nå skal det for fyrste gong arrangerast crosskartløp også i Vikedal. I skrivande stund er det åtta påmeldte til denne klassen, noko som må reknas som svært bra til å vera Vikedal sitt første crosskartløp, spesielt sida berre to av dei påmeldte er frå Vikedal.
Løpet på laurdagen er eit av dei seks løpa i vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross, som går i Vikedal, Bergen og Egersund. For rallycross er parallellracet på søndagen tellande i vestlandsmesterskapet i bakkeløp. I tillegg er løpa begge dagane ein del av NMK Vikedal Cup.
NMK Vikedal
NMK Vikedal har eksistert sida slutten av 1982 og heldt sitt fyrste bilcrossløp i 1983. Dette feira dei med 30-års jubileumsløp, August i fjor. Etter at banen sto klar for løp i 1983 har den utvikla seg mykje. Det vart etterkvart mogleik for å køyre rallycross på banen. Dette førte til at det blei heldt fleire NM-rundar på banen, med besøk av kjente personar, som Petter Solberg og Martin Schanke. På 90-talet begynte interessa for motorsporten i Vikedal å dabba av, men dei siste åra har det vert stor auke i medlemmar, deltakerar og publikum. Klubben veks fortsatt og vart i fjor kåra til årets beste rallycrossarrangør etter NM-runden, 25.-26. Mai 2013. Då vart det tydelig at når alt vert godt planlagt og ivngen ting vert lagt til tilfeldighetane så kan fort ein liten klubb på Vestlandet laga til eit betre arrangement enn andre storklubbar rundt om i landet.
Klar for rallycross
Ein av dei som gleder seg til løp i helga er Olav Bjelland (bildet), frå Sandeid, som kom på andreplass i vestlandsmesterskapet i bilcross jr. I fjor. I år sikter han høgare og har gått til innkjøp av ein Peugeot 206, som han skal kjøra i rallycross supernasjonal inntil 1600.
– Bilen har eg kjøpt av Asgeir Taraldsen, fortel Olav. Han køyrde NM med den i fjor og kom på ein tredje plass. Olav har gjort det særs godt på bilcrossbanen, så det kan nok vera lett å la seg rive med, men han held måla for året realistiske.
– Eg reknar med å køyre alle NM-rundane og målet er å klare å komme seg til finale, kvart løp. Dette vert meist eit treningsår, men eg kjem nok til å gi alt uansett, seier Olav med glimt i auga.
Det er noko ein ikkje skal sjå vekk i frå. Olav har vert i toppen i Vikedal sida han byrja å køyre bilcross for 3 år sida, og har vert den frå klubben som har hevda seg best i landsfinalen både i 2012 og 2013, med ein 19. Plass i 2012 og ein 23. Plass i 2013.
Dyr idrett
Rallycross er ein idrett som det kostar å halde på med. Budsjettet skal vera klart, men kva dei reknar med å bruke dette året vil ikkje Olav ut med.
– Eg kan seie såpass at det aldri hadde vert mogleg å få dette til utan sponsorane me har fått med oss til nå, seier han. Me har jobba aktivt med sponsing i vinter, noko som har ført til at me har fått fleire gode sponsorar på laget.
På spørsmål om det fortsatt er mogleg med fleire sponsorar kjem svaret kjapt.
– Det er heilt klart plass til fleire! Seier Olav. Me manglar enda litt, så det er berre å ta kontakt om ein er interessert! Då kan me vera mykje sikrare med tanke på eventuelle uhell og kan kanskje få køyrt enda fleire løp enn me har planar om til nå.
Det er nok fleire i NMK Vikedal som har stor tru på at Olav skal kunne hevde seg godt i NM og gleder seg til å sjå kva han kan få til, i helga.
På laurdag er det løpsstart kl. 12:00, og på sundag startar parallellracet kl. 12:30. Når det endelig er sesongstart i Vikedal er det berre å komma seg til Vikedalsdalen for å få med seg ei fartsfylt helg utan like. Dette er noko som passar for både store og små, og om ikkje bilinteressa er der enda, så kjem den nok snart. Inngang for begge dagane kostar 150,- for vaksne og er gratis for born og medlemmar i NMK Vikedal.