Etter at dei to første NM-rundane enda med ei punktering i finalen på Konsmo og ein rundvelt på treninga på Melhus, var Daniel Holten tilbake på pallen og tok andre plassen under den tredje NM-runden i rallycross på Dokka.
Pressemelding:
-Godt nøgd med helga. To bestetider og full poengpott etter innleiande omgangar og til slutt andre plass i løpet er eit veldig godt resultat for meg, og det var det eg hadde håpa på å få til denne gongen, seier Daniel Holten, som takkar alle som har bidratt etter smellen på Melhus.
-Takk til alle som har hjelpt til, og teamet som stått på dag og natt. Det hadde ikkje vore mulig utan deira hjelp, og eg håpte at eg kunne greie å gi noko tilbake med ein pallplass her.
Også denne gongen sleit dei litt med bilen før dei kom skikkeleg i gong.
– Sleit som vanleg med startane, men me fekk justert oss inn og utover i løpet fungerte bilen heilt topp, seier Daniel.
Gjennom helga var det Daniel som greidde å samle mest poeng i klassen, og han er no oppe på ein uoffisiell fjerdeplass samanlagt. Fem av seks NM-rundar er teljande. NM-serien tar no sommarpause før fjerde runde i Skien 11. august.
Uoffisiell NM-stilling etter tredje runde, Supernasjonal inntil 2000 kubikk:
1. Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss, 90
2. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 78
3. Anders Bråten, NMK Hønefoss, 73
4. Daniel Holten, NMK Vikedal, 63
5. Sigurd Erik Egeland, NMK Kvinesdal, 58
4. Mathias Kveven Hamre, NMK Grenland, 52