– Gjennom heile regjeringsperioden har vi prioritert idrett. Med årets rekordfordeling gjennomfører vi eit skikkeleg løft for idretten, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Totalt gir overskotet frå Norsk Tipping 4,25 milliardar kroner til idretten, som er 531 millionar kroner meir enn i 2024. Regjeringa fordeler pengane på ein måte som gir betre vilkår for idrett i heile landet. I tillegg skal innsatsen  med å halde prisane for barn og unge nede vidareførast.

– Årets fordeling viser tydeleg at einerettsmodellen tener idretten godt. Sjølv i økonomisk stramme tider aukar midlane til idrettsformål, og i år er fordelinga historisk høg, seier Jaffery.

Satsing på idrettsanlegg

For idrettslag og kommunar som søker staten om tilskot til bygging av idrettsanlegg, har det lenge vore ei utfordring med lange køar. Dette har regjeringa jobba målretta for å endre, og i løpet av regjeringsperioden har gjennomsnittet for ventetida på å få utbetalt spelemidlar, gått ned med over to år.

– I fleire tiår har det store etterslepet til idrettsanlegg vore eit problem, men no har vi fått bukt med det. Då regjeringa tok over i 2021, måtte idrettslag og kommunar vente i nesten tre år på å få pengane sine. No får vi ventetida ned til under eitt år. Med denne nedgangen i etterslepet har vi no kontroll, og alt ligg til rette for å kunne gi meir til kvart enkelt anlegg. Staten vil altså bidra med ein større del av finansieringa enn før, seier kultur- og likestillingsministeren.

I 2025 går over 2,17 milliardar kroner til idrettsanlegg i kommunane, det er 300 millionar kroner meir enn i fjor.

I tillegg går nesten 23,5 millionar kroner til nasjonalanlegg og 108 millionar kroner til anleggsutbygging i samband med VM i alpint i Narvik i 2029.

Fleire skal med

 Stram familieøkonomi skal ikkje hindre barn og ungdom i å delta. Vi vil at idretten skal vere for alle. Med denne fordelinga gjer vi det mogleg for idrettslaga å inkludere fleire og halde prisane nede. Vi prioriterer slik at midlane når heile landet, samstundes som vi gir ekstra der behova er størst, seier Jaffery.

Regjeringa vidarefører ekstrainnsatsen for deltaking i idrettslag og gjer ordninga permanent. Det blir sett av 150 millionar kroner til dette arbeidet, det er 20 millionar kroner meir enn i fjor.