Framgang i Arvika

D_Holten_14_Arvika
Både Daniel og Åsmund Holten er nøgde med dei fekk til i Arvika under den andre runden i RallyX der Daniel til slutt vart nummer fire i Supercar , og Åsmund gjennom semifinalen var med i kampen om ein finaleplass i Supercar Lites.

For Daniel starta det med ei tredje og fjerde tid i dei to første omgangane før han måtte ned på ei sjuande tid i den siste.
– Sleit litt i starten av løpet men gearkutt, men då teamet fekk orden på det, gjekk det betre, seier Daniel, som var svært godt nøgd med den jobben teamet gjorde og den støtta han hadde av Jussi Pinnomäki, som er coachen hans under løp.

-Teamet gjorde ein knall jobb med bilen slik at den blei betre og betre, og dei tilbakemeldingane og analysane eg fekk av Jussi Pinnomäki var veldig viktige for meg, seier Daniel, som til slutt hadde full klaff i semifinalen, som han vann, og låg an til ei pallplassering heilt til siste runde i finalen.
– I semifinalen fekk eg køyre slik eg ville. Låg lenge på andre bak Sebastian Eriksson, men då han sklei ut i ein sving tok eg meg forbi og inn til siger. Det var både herleg og viktig for meg denne gongen, seier Daniel, som er nøgd med det som til slutt blei ein fjerde plass.
– I finalen skjedde det ein god del i starten og avstanden fram til teten blei lang. Eg låg på tredje plass til siste runde, men hadde ikkje nok avstand til Henning Solberg på fjerde, og då eg skulle inn i alternativsporet greidde han å ta seg forbi og slo meg med nokre hundredelar.

Neste løp for Daniel no er VM-runden på Lånke 14. – 15. juni der han på nytt skal køyre Supercar.

Også for Åsmund Holten var køyringa i Arvika ein grei framgong frå sist.
– Sleit litt med at det var trongt inn i første sving, og der var det nokon som traff framhjula mine kvar gong slik at spissinga endra seg men ein centimeter og bilen vart vanskeleg å køyre, seier Åsmund, som kom seg betre ut i semifinalen og låg lenge på tredje plass.
– Jobba med å få nok avstand til eg skulle inn i alternativsporet, men det gjekk diverre ikkje. Eg vart passert og finaleplassen glapp.

Neste løp for Åsmund no er RallyX – runden på Strängnäs ved Stockholm i slutten av juni, og no ønskjer han å førebu seg godt til det løpet.
– Håpar eg kan få køyrt med bilen og testa meir før neste løp