Klar for ny poengjakt

Daniel Holten ligg på fjerde plass i rallycross NM etter første runde, og no gjer han seg klar til den andre som går på Bollandsmoen på Melhus til helga. Før den er han kritisk til det nye poengsystemet som er innført i NM.

Medan Daniel Holten blei nummer fem i den første runden på Konsmo, rykka han opp til ein fjerde plass i samandraget. Det er noko av dette han er kritisk til.

– Slik det nye poengsystemet er blir ikkje det viktigaste å vinne finalen lenger, seier han, og forklarar dette med at medan det berre eit eitt poeng skilnad mellom første og andre plass i finalen, er det tre poeng som skil første og andre plassen i dei innleiande omgangane.

– Dermed er det mest poeng å hente i dei innleiande omgangane. Eg syns det blir heilt feil, men når NM-regelementet er slik må me berre køyre etter det.

Banen på Melhus kjenner Daniel godt, og det var også her han køyrde sitt aller første rallycrossløp, eit løp han vann.

– Totalt har det blitt tre løp på Bollandsmoen. Ein kjekk bane som passar meg bra, og no håpar eg å kan gjenta suksessen frå første gongen eg køyrde der.

Rallycrossbilen er klar igjen.
– Bilen fungerte eigentleg veldig bra på Konsmo i første runde og eg kom meg gjennom utan særlege skader på den. No har det berre vore litt service og sjekk så er den klar igjen, sluttar Daniel Holten.

NM-stillinga etter første runde:
1. Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss, 31
2. Sigurd Erik Egeland, NMK Kvinesdal, 30
3. Per Magne Røyrås, NMK Kvinesdal, 30
4. Daniel Holten, NMK Vikedal, 27
5. Anders Bråten, NMK Hønefoss, 24
6. Morten Nordbø, NMK Aust-Agder, 19