Klare for NM i bakkeløp

Ernst og Johannes Holten Leifsen
Ernst og Johannes Holten Leifsen er begge klare for NM i bakkeløp, eit arrangement som går i den kjende skiflygingsbakken i Vikersund komande helg.

NM i bakkeløp 2015 består av to løp, fredag og laurdag i Vikersundbakken, og alt laurdag kveld er det klart kven som har tatt NM-medaljane i dei ulike klassene. Johannes og Ernst Holten Leifsen ser fram til å kome i gong med sesongen.
For Ernst har vinteren gått med til klargjering av mange av andre sine løpsbiler, men den siste tida har det vore fullt fokus på å få klar hans eigen bil, ein Citroen DS3, som vart bygd for 2013-sesongen.
– Bilen er stort sett den same som i fjor, berre med litt oppdatering på støtdemparane, seier Ernst Holten Leifsen, som kan sjå tilbake på en fjerde og ein femte plass frå løpa i Vikersund i fjor.
-Målet er å gjere det eit hakk betre i år, og i tillegg er håpet at eg kan få gjort en test av bilen på Vikedal Motorbane før vi set kursen austover.

Johannes Holten Leifsen er klar med sin bil, ein Ford Fiesta, og i sist veke var han hos motorbyggaren Trond Stensbøl og fikk bremsa motoren, på laurdag var det testing på Vikedal Motorbane.
– Så langt ser alt ut til å fungere bra og eg ser bare fram til å komme i gong med sesongen, seier han. I vinter jobba han og dei andre i Holten Motorsport med å få til ei satsing i EM i Touring Car.
– Det synte seg til slutt at me ikkje greidde å få på plass økonomi til det, så nå blir det full satsing i NM både i bakkeløp og rallycross.
I Vikersund til helga trur Johannes det blir hardt.
-Det blir nok det, men målet er å køyre inn blant topp fem i de to løpa.