Optimist før andre runde

K_Johansen_16_05_3
Etter girkassehavariet under NM-opninga har Kenneth Johansen fått enorm støtte, og torsdag reiser han austover for å få montert inn nyoverhalt girkasse slik at bilen er klar for den andre NM-runden på Gardermoen.

– Må berre få takke sponsorar, støttespelarar og vippserar for den støtta me har fått etter at girkassa rauk i Skien, og no skal me gjere det som står i vår makt for at dei ikkje skal bli skuffa, seier Kenneth Johansen, som verkeleg ser fram til det som skal skje på Gardemoen.

– Etter dei endringane me har gjort på oppsettet på bilen er me optimistar i høve til det som skal skje der, og erfaringane me har med oss frå Skien er positive, så det er berre å stå på vidare, seier han, som likevel peikar på at rallycrosstraseen på Gardermoen Motorpark har han ikkje funne heilt utav.

– Me er i gong med å sjå på dette, og kva kodar som må knekkast for at me skal kunne få ut det beste også der, og halde fram den gode trenden me har med oss frå NM-opninga i Skien.

 

 

Stillingen i Supernasjonal 1601-2000 kubikk – etter første runde

1. Erik Svartås, NAF Øvre Østfold, 34
2. Daniel Holten,  NMK Vikedal, 33
3. Ståle Hagadokken, NMK Valdres,  26
3. Kenneth Johansen,  NMK Vikedal, 26
5. Robin Bakke Andresen, NMK Trøgstad, 22
6. Roy Vidar Skomedal, KAK, 19