Ser fram til Ring Knutstorp

Holtens 14 mai
Etter køyringa i Portugal sist helg er det denne helga Daniel Holten for alvor startar køyringa i Supercar. Han stiller til start i bilen han skal køyre i den nye RallyX – serien heilt sør i Sverige, ein Ford Fiesta Supercar. Åsmund Holten stiller i Supercar Lites.

Sjølv om køyringa i Portugal i Supercar Lites var svært god trening for køyring i Supercar, er det stor skilnad på bilane.
– Bilane ser kanskje like ut, men det er stort sett utanpå. Supercar Lites-bilen er bygd opp som ein racingbil, medan ein Ford Fiesta Supercar er bygd om frå ein original Ford Fiesta. Begge bilane har firehjulstrekk, men medan Lites´n har ein sugemotor på 310 hestar, har ein supercar ein turbomotor på over 600 hester, forklarar Daniel.

Så langt i sin rallycrosskarriere har Daniel køyrt testar og fire løp med Frode Holte sin Volvo C30 Supercar, og to testar i haust med Olsbergs MSE sin Supercar. Deretter blei det klart at han denne sesongen skal køyre for Olsbergs MSE, både i Supercar Lites og Supercar, støtta av hovudsponsoren sin Granberg AS.
– Helga før starten i Portugal var me i Sverige og køyrde testar i to dagar med både Supercar Lites bilen og med Fiestaen, og Daniel føler at han no begynne å bli klar til det som skal skje i helga.
– Fekk køyrt rundt 30 rundar i Supercar´n på banen i Strängnäs, og føler at eg er godt forberedt til det første løpet på Ring Knutstorp, seier han, og legg til at Olsbergs MSE har eit veldig bra opplegg for å støtte han som førar.
-Eg får Jussi Pinomäki med meg som coach under løpa, og han vil gi meg tilbakemeldingar under køyringa. Pinomäki er tre gonger Europamester i rallycross og var teamsjef for Andreas Bakkerud då han vart Europamster i Super 1600, og har mykje erfaring.

I den nye serien RallyX blir nokre av løpa køyrd saman med den svenske asfaltracingserien STCC, som har lang tradisjon i Sverige.
– Eg trur publikumstalet kjem til å vere bra, og medieinteressa større enn det som har vore vanleg for rallycrossen, noko som vil vere bra både for serien og sporten, seier Daniel, som gler seg skikkeleg til å stille på startstreken på Ring Knutstorp.
– Eg ser at det kjem fleire gode namn som skal køyre RallyX, dette er bra for klassen og samstundes gjer det kampen om topplassane hard.

Åsmund Holten i Supercar Lites
I tillegg til Daniel stiller bror Åsmund Holten i Supercar Lites under opninga av RallyX på Ring Knutstorp. Han køyrer bilen som Daniel køyrde i Portugal sist helg, der Åsmund sjølv var med som mekanikar. Han meiner han hadde god nytte av det.
-Det var Daniel og eg som justerte bilen gjennom løpet, og me greidde å gjere justeringar slik at me senka rundetidene med eit par sekund, seier Åsmund, som tar desse erfaringane med seg til Sverige.
-Det som me likevel sleit med i Portugal var å få til startane, så det er noko eg får prøve å finne ut av på Ring Knutstorp, seier han, som no ser han fram til køyringa.
– Det er laga ein heilt ny rallycrossbane på Ring Knutstorp, så det blir spennande, og så skal det bli kjekt å køyre mot kjende førarar som Richard Göransson og dei andre i startfeltet.