Daniel Holten Norgesmester i rallycross

Daniel Holten sikra gullet under NM-finalen i rallycross på Momarken Bilbane i helga.

-Det har vore ein lang og innhaldsrik sesong med både opp og nedturar. Det var difor svært godt å kunne avslutte sesongen med NM-gull, spesielt etter at me var så nær i fjor og sidan det i år har vore det store målet, seier Daniel Holten, som etter dei innleiande omgangane alt hadde sikra gullet før finalane vart køyrde.

-Klarte å halde meg blant dei fire-fem beste i innleiande omgangar, noko som gav andresporet i A-finalen, og sidan min verste konkurrent Sivert Svardal ikkje vartbetre enn nummer sju etter innleiande, kunne han ikkje ta meg igjen poengmessig og gullet var sikra.

Det vart likevel ikkje noko plankekøyring gjennom finalehelga, og Daniel og teamet hadde ulike utfordringar med både bil og oppsett som dei måtte jobbe med under løpet. I finalen kom han ut som nummer tre og køyrde seg deretter opp og blei til slutt nummer to.

– Sidan gullet alt var sikra kunne eg for ein gongs skuld køyre utan press i finalen, og det var fint, seier han, som gratulerer Team Svardal med sølv og Magnussen med bronse.
– Takkar for ein kjempesesong og mange fine fightar gjennom heile sesongen.

Også team og støttespelarar får takk.

-Må få takke mitt fantastiske team som held den beste bilen i gong gjennom heile sesongen, og alle folka rundt meg som gjer det mulig å halde på med å kjempe i NM.

 

 

Uoffisiell NM-stilling 2019 – Supernasjonal inntil 2000 kubikk:
1. Daniel Holten, NMK Vikedal, 163

2. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 154
3. Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss, 146
4. Sigurd Erik Egeland, NMK Kvinesdal, 124
5. Anders Bråten, NMK Hønefoss, 110
6. Mathias Kveven Hamre, NMK Grenland, 91