Daniel Holten køyrde inn til siger under den fjerde NM-runden i rallycross i Skien, og er godt med i gullkampen igjen.
For Daniel Holten var løpet avgjerande om han skulle henge med i toppen i klassen, supernasjonal inntil 2000 kubikk.
– Løpet starta heilt ok med to andre tider på treningane. Sleit igjen med startane på det våte føret i dei innleiande omgangane og hamna bak, men klarte stort sett å køyre meg oppover og tidene blei ikkje så aller verst, seier han.
Etter fire innleiande omgangar stod han med tre tredje tider og ei femte tid, noko som heldt til andre startposisjon i A-finalen.
I finalen kom han ut som nummer tre, men tok alternativsporet tidleg slik at han var ørst då alle hadde vore inne.
-Etter dårlege startar heile helga, var det godt å kunne avslutte med siger i finalen. No begynne det å tette seg til i samandraget, og om me stryk eit av løpa, som me skal gjere til slutt, leiar eg med eitt poeng, sluttar Daniel, som takkar teamet for ein kjempejobb gjennom heile helga.
Daniel Holten er no oppe på andre plass i NM-samandraget. Eit løp skal altså strykast, og om me gjer dette alt no, leiar han med eitt poeng på Sivert Svardal. Det er to rundar igjen i NM rallycrossen, nest siste går på Flisa 1. september.
Uoffisiell NM-stilling etter fjerde runde, Supernasjonal inntil 2000 kubikk:
1. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 112
2. Daniel Holten, NMK Vikedal, 96
3. Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss, 94
4. Anders Bråten, NMK Hønefoss, 92
5. Sigurd Erik Egeland, NMK Kvinesdal, 84
6. Mathias Kveven Hamre, NMK Grenland, 68